søndag 7. mars 2010

Delingsgrensa i grunnskulen må ned !

Skule skal vere eit av fellesskapet sine ansvars områder. Vi treng ein skule som set kunnskapen fremst. Vi treng ein skule som gir læraren rom og tid til å lære frå seg. Vi treng eit klasserom der born og unge har moglegheiter til å bruke evnene sine. For at vi skal få til dette, må delingsgrensa for at klasser i grunnskulen skal blir delt, ned!

Klasseromma blir fylt opp med elevar og enkelte opplev at dei ikkje blir sett av lærarane. Senterpartiet vil ha ein skule der kvar einskild elev blir sett, og slik dagens delingsgrense er, samsvarar det ikkje med vårt verdigrunnlag.  

At fleire elevar opplev skuledagen som uhaldbar, er ikkje noko som skal bli godtatt. At ein elev står opp om morgonen og føler seg heilt umotivert til ein ny skuledag, grunna eit dårleg læringsmiljø og eit høgt lydnivå slik det ofte er i store klasser, er ikkje med på å legge det grunnlaget vi treng for vidare skulegang og etter kvart ei karriere.

Eg er sjølv elev i ei klasse som manglar éin elev for å bli delt. Eg merkar kor mykje dårlegare læringsmiljøet har vorte sidan i fjor, då vi var to klasser.

Fleire lærarar opplev at dei ikkje får respekt i dei større klassene, uavhengig av alderen på elevane. I mindre klasser får elevane snakke meir saman med læraren, noko som kan bidra til å auke respekten for lærarane. Det er tross alt læraren som er sjefen i klasserommet, og  det er ikkje før den augeblinken då læraren får kontakt med eleven at læring skjer.

Ei løysning på problemet kan vere å dele klassene i dei faga som er prega av tung teori som for eksempel matematikk, norsk og framandspråklege fag. I andre fag som for eksempel samfunnsfag og RLE, det som tidlegare var KRL, kan det vurderast om klassene kan vere større fordi dette er begge munnlege fag som ikkje inneheld like mykje tung teori.

For å få opp læringsnivået igjen, og for å gi born og unge ein skuledag som er verdt å møte opp for, må delingsgrensa ned !



søndag 10. januar 2010

NEI TIL EU OG FJERNKONTROLLSTYRING FRÅ BRÛSSEL !


Den Europeiske Unionen blir stadig meir einsretta og sentralisert. Makta blir flytta frå dei nasjonale folkevalde til byråkratar i unionen. Meir enn nokon gong utgjer EU trusselen mot folkestyre, miljø og solidaritet.
  No som ja-sida har tatt opp kampen om EU igjen, skal Senterungdommen kjempe for at Noreg seie NEI til Europa-unionen for tredje gang !

Gjer som Senterungdomen, vi seier NEI til EU ! 

 

      -   Unionen blir styra av dei førande samfunnsgruppene, utanfor folkeleg påverknad og deltaking. 

-         Unionen har grunnlovsfesta at kapital er viktigare enn miljøet vi lev i.

-         Unionen tvingar fram økonomisk politikk som aukar skilnadane mellom fattige og rike land innanfor EU og i den tredje verda.

-         Visst Noreg meldar seg inn i Unionen vil landet miste sin sjølvstendige stemme i internasjonale fora som Verdas handelsorganisasjon (WTO) og FN.

-         Som medlem i Unionen vil Noreg miste sjølvråderetten over naturressursane.

-         Unionen grunnlovsfestar høgrepolitikk.